Senterpartiet vil ha levande bygder og norsk mat på bordet

Bøndene produserer rein mat, levande kulturlandskap, og er viktig for at det bur folk i heile kommunen. Landbrukspolitikken er av den grunn heilt avgjerande for framtida til Sunnfjord kommune.

Senterpartiet vil gje ein hyllest til den norske bonden. Dei jobbar hardt for kvar ei krone. Gras, mjølk, kjøt, frukt, grønsaker, korn og poteter tryllar dei fram frå jorda og gjev oss det viktigaste av alt. Mat på bordet kvar einaste dag. Bonden haustar når veret er godt, og det er slett ingen åtte-timars dag. Dagen er ferdig når jobben er gjort.

Sunnfjord kommune er den største landbrukskommunen i Vestland fylke. Vi har 510 aktive gardsbruk med ein årleg produksjon på 24 millionar liter mjølk, og vi har ein stor kjøtproduksjon på storfe og sau. Totalt driftar jordbruket nærare 100 000 daa jordbruksareal. Ikkje nok med det. Sunnfjord er den nest største landbrukskommunen i landet, berre slått av Indre Østfold.

Siste års hendingar med pandemi og krig i Europa har synt oss kor sårbare vi er. Kor viktig eiga matforsyning er, og det å ha kontroll over energiforsyninga, både for beredskap, sjølvforsyning og straum til alle som lever i Norge.

Senterpartiet har sikra landbruket historisk gode jordbruksoppgjer dei siste to åra, samt betra investeringsordningane for bonden vesentleg. Men det skal meir til for å trygge vår lokale matvareproduksjon og eit levande landbruk i heile Sunnfjord kommune.

Senterpartiet i Sunnfjord vil ha ei offensiv satsing på landbruket, og vil sette i verk eit prosjektretta arbeid for å stimulere til investeringslyst, aktivitet og lys i husa, og arbeide for å oppretthalde mjølk og kjøtproduksjonen på gardane. Vi vil:

1.       Jobbe for gode støtteordningar til investeringar i landbruket, samt sikre generasjonsskifte på gardane

2.       Auke produksjon av grønt, frukt og bær

3.       Auke verdiskapinga i skognæringa, der skogen får ei vesentleg rolle i det grøne skifte

4.       Sjå på garden som grunnlag for turisme, nye næringar, lokal mat og drikke

5.       Legge til rette for garden som grunnlag for entreprenørskap og lokalsamfunnsutvikling

6.       Utnytte garden sine ressursar innan meir fornybar energi

7.       Utnytte og foredle garden sine jakt- og fiskeressursar med mål om auka næringsaktivitet  

8.       Bidra til god ressursutnytting og miljøvenlege løysingar

Senterpartiet meiner at vi må forbetre landbruket, ikkje legge det ned. Vi trenge miljøvenlege løysingar, meir norskprodusert mat og mindre import. Senterpartiet seier ja til berekraftig norsk mat!

Det er ikkje til å forstå at Norske beitedyr blir sett på som klimafiendtlege. Norske husdyr er ikkje eit klimaproblem. Tvert om produserer dei berekraftig rein og trygg mat, og kjøt og mjølk som befolkninga treng.

Beitedyra et gras og mat vi ikkje elles kan nyttiggjere oss. Det er god ressursutnytting i praksis. Dei opprettheld eit levande kulturlandskapet, held landskapet ope, og sikrar matvareberedskapen.

Det blir helt feil når det norske landbruket vert peika ut som klimasyndarar. Klimakur 2030 foreslår tiltak som kuttar inntil 5000 årsverk og medfører nedlegging av 10% av norsk landbruksareal. Klimakur vil ha 70% færre ammekyr, 40 % færre sauer/lam, 15% færre mjølkekyr og geit. Korleis kan det vere meir miljøvennleg å erstatte desse dyra med importert kjøt frå Sør Amerika?

Mange bur i, eller har røter frå, ei fin lita bygd eller grend. Det er framleis lys i husa, men det er ikkje lenger sjølvsagt i våre dagar. Stadar som er umisseleg vakre, men samtidig tøffe å skaffe seg eit levebrød i.  

Senterpartiet heiar på den norske bonden og alle andre som syter for lys i husa og aktive grender. Derfor kjøper vi norsk mat og norske varer. Vi ønsker eit levande Norge og levande lokalsamfunn i Sunnfjord kommune. Bonden har forvalta og nytta naturen vår med respekt og omsut i tusenvis av år.

Denne arven skal vi forvalte med respekt og hegne om for framtida. Ingen kan gjere jobben betre enn den norske bonden eller våre eigne bønder i Sunnfjord kommune.  

Jenny Følling – ordførarkandidat Senterpartiet

Oddmund Klakegg – fylkestingskandidat Senterpartiet

Julehelsing frå ordførar Jenny Følling

Juleklokkene ringer snart inn jula 2021. Eg vil takke alle i bygd og by i vår flotte kommune for ein formidabel innsats i året vi legg bak oss. Takk til helsepersonell, lærarar, leiarar, reinhaldarar og alle som har stått på for å halde hjula i gang, og som fortenar stor respekt.

Eg er stolt over dugnadsinnsatsen folk i Sunnfjord har vore med på. Saman har vi fått fram det beste i kvarandre. For både samfunnet og næringslivet har blitt sett på prøve i eit år som har vore svært spesielt, og prega av korona og usikkerheit. Folk har slutta opp om tiltaka som er sette i verk. Det har vore stor oppslutning om vaksineringa, noko som ikkje minst vil redusere belastninga på helsevesenet. Den beste julegåva vi kan gje kvarandre er å ta vaksinen.

Det er mange som lengtar etter ein normal situasjon igjen. Eg skulle så gjerne ha sett at året fekk ei anna avslutning enn det vi no opplever. Men til tross for pandemien så er det store bildet at det etter måten har gått bra både med den nye kommunen og med måten vi har handtert korona-krisa på. Og som kommunelegen vår Øystein Furnes peikar på, må vi framover rette meir fokus på korleis vi skal leve med korona. Det er i alle fall ikkje tvil om at tilsette og frivillige har gjort ein enorm stor innsats og tatt eit stort ansvar.

Visjonen og verdiane til Sunnfjord kommune illustrerer på ein god måte arbeidet i 2021 der både politikarar og tilsette har arbeidd hardt og vore engasjerte for å skape ein ny og god kommune i ei tid der det har vore ekstra viktig å vere både inkluderande og nær.

Det er ein imponerande aktivitet og stor investeringslyst i Sunnfjord kommunen. Fleire store riks- og fylkesvegprosjekt ligg på teiknebrettet, Førdepakken, utbygging av næringsareal på Moskog og på Skei, mange bustadprosjekt, ny vidaregåande skule på Øyrane og ei stor investering ved Sentralsjukehuset i Førde for å nemne nokre. Tre idrettshallar og nytt hus for avlastningseininga er nokre av dei kommunale investeringane som vart ferdige i år.

Digitalt har vi tatt eit kvantesprang. Kven kunne førestille seg at elevane over natta kunne ha heimskule med digital undervisning. Kven kunne førestille seg at vi kunne gjennomføre digitale møte, konferansar og kommunestyremøte. Den lærdommen som er hausta, vil truleg forandre korleis vi møtast i framtida.


Samtidig har denne krisa utløyst kreativitet. Mange har imponert meg skikkeleg og fått til ekstremt mykje tross at pilene peikar i mot ein. Ekstremt mange dyktige folk som alle på sitt vis har bidrege med sin innsats og kunnskap til at totaliteten skal bli betre.

Eg vil jobbe for at Sunnfjord skal vere ein god stad å bu og leve, og vere ei sterk røyst for våre saker og interesser. I 2022 vil kommunestyret vedta kommuneplanen sin samfunnsdel. Planen legg viktige føringar for den framtidige utviklinga samtidig som den vil vere startskotet for andre viktige planar, til dømes arealplanen og bustadsosial handlingsplan. For den største utfordringa både vi og andre kommunar står framfor er utan tvil den store endringa i demografien. Å planlegge for ei slik framtid blir svært utfordrande, men også uvanleg viktig.

Det er ei ære å vere kaptein på ei skute med dyktig mannskap om bord både politisk og administrativt. Takk til kommunedirektør Ole John Østenstad, som er ein stødig og dyktig kar med høg kompetanse og stort engasjement. Takk for den solide jobben de gjer.

Til slutt vil eg ønskje alle ei god og fredeleg julehelg. Håper de får samle krefter til neste etappe. Eg ser fram til nye prosjekt og samtaler i året som kjem. Ei særleg helsing til dei som må arbeide på helgedagane i jule- og nyttårshøgtida. God Jul!

Jenny Følling

Rassikring av fylkesvegane må prioriterast i ny Nasjonal Transportplan (2022-33)

Nasjonal Rassikringsgruppe er fornøgd med satsinga på rassikring på riksvegane i NTP. Vi finn derimot inga satsing på rassikring av fylkesvegane. Berre ei vidareføring av dagens altfor låge rammer. Dette kan vi ikkje akseptere.

Nasjonal Rassikringsgruppe krev derfor to milliardar kroner meir årleg til rassikring av fylkesvegane i NTP. Midlane må tildelast rasfylka etter registrerte rassikringsbehov. Det må kome ei tydeleg satsing på rassikring av fylkesvegane. Det kostar minst 35 milliardar å sikre dei farlegaste skredpunkta på fylkesvegnettet.

Våre liv kan ikkje vere avhengige av kven som eig vegen. Alt for mange må leve med frykt og er utrygge fordi dei bur på rasfarlege plassar i Norge. Dei må frakte barna sine langs rasfarlege vegstrekningar eller pendle forbi rasområde. Bedrifter opplever ustabil varelevering og verditap fordi vegen er stengt av ras eller fare for ras.

Stortinget vil dei næraste månedane avgjere endeleg innhald i planen. Vi går no i dialog med partia på Stortinget og deltek i høyring i Stortingets Transportkomite for å få ei auka satsing på rassikring på fylkesvegane. Nasjonal transportplan må også innehalde ein heilskapleg plan for skredsikring av riks- og fylkesvegane.

Nasjonal rassikringsgruppe meiner rassikring er viktig for tryggleik for folk og samfunnet. Innsatsen til rassikring må tredoblast for å sikre dei mest rasutsette vegane våre. Kravet har sterk støtte frå næringslivet og frå fagmiljø som Opplysningsrådet for Veitrafikk (OFV), sjømatnæringa, transportnæringa (NLF) og fleire.

Kvifor rassikring viktig

Skredfare skaper redsel og usikkerhet. Ras tar liv og skader folk. Sikker veg skal være ei prioritert oppgåve, ikke ekstraservice. Næringsliv og offentleg og privat tenesteyting er avhengig av god regularitet. Stengning av veg på grunn av rasfare er kostbart, skapar usikkerheit og lagar ein uforutsigbar kvardag. Klimaendringane aukar kompleksiteten.

Førebyggande skredkontroll og varsling

Det kan verke uoppnåeleg å handtere dei store rasutfordringane. Men det finst mogelegheiter. Ny teknologi gir handlingsrom og alternative måtar å sikre mot skred gjennom overvaking, varsling og førebygging. Ny teknologi er eit viktig innspel i komande NTP som kan vere med på å auke det økonomisk handlingsrommet og gi tryggare veg utan fullgode og konvensjonelle løysingar som tunnel og skredoverbygg. Ny teknologi kan gi tryggare veg og betre framkomst. Investeringane i førebyggande skredkontrollanlegg er låge. Det er drifta som utgjer sikringa og lokalkunnskap, menneskeleg kompetanse og erfaring avgjerande.

Behovet for nasjonal koordinering av skredsikringsbehovet

Nasjonal rassikringsgruppe ber Samferdselsdepartementet om å ta eit koordinerande ansvar for å sikre lik praksis og felles kriterie for skredregistrering, og ta ansvar for å legge fram oversikt over det totale skredsikringsbehovet på riks- og fylkesveier ved rulleringa av NTP. Dette må vere grunnlag for prioritering av prosjekt i Nasjonal Transportplan og prioritering i fylkeskommunane.

Nasjonal rassikringsgruppe representerer dei mest rasutsette fylka Vestland, Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, Innlandet, Trøndelag og Rogaland.

Jenny Følling

Leiar Nasjonal Rassikringsgruppe

Takk til teatersjef Bodil Kvamme i Teater Vestland

Bodil Kvamme har vore teatersjef i fem år ved Sogn og Fjordane Teater/Teater Vestland i Førde. For ei fantastisk reise vi har hatt med henne ved roret. Det er sett publikumsrekordar og halde framsyningar i alle kommunar med teater for alle.

Ho har vore ein sjef med bein i nasen som brukar små ord om seg sjølv, men er raus med ros til dei ho leiar. Ho er eit knakande godt menneske, og har hatt eit godt og nært forhold til Førde fordi ho som barn ofte besøkte farsgarden Kvamme i Angedalen.

Sjølv om det har vore tøffe år både for Bodil, då ho vart alvorleg sjuk, og for teateret, har ho alltid trykt på gassen. Ho har trakka opp nye spor for teateret, og har gjort at det umogelege kunne bli mogeleg. Å turnere med framsyninga «Vestland Vestland» i heile Vestland fylke og gjennomføre «Annie» med 160 skodepelarar i eit korona-år, står det verkeleg respekt av. Landet vårt er inne i ei av dei verste krisene sidan andre verdenskrig, men ved teateret er dei opplærde til å satse og gi publikum gode opplevingar der dei bur.

Bodil har vore ein dyktig og kunnskapsrik teatersjef. Ho er raus, truverdig, skarp, modig, utolmodig, hjelpsam, humoristisk og nyskjerrig og er meir enn ein teatersjef. Ho er også dramaturg og regissør. Utdanninga har ho frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Århus og Hochschule fur Musik und darstellende Kunst i Wien.

Som dramaturg fekk ho Heddaprisen i 2006 i kategorien for særleg faglig innsats, saman med profilar som Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen. Prisen fekk dei for dokumentaren «Saman Skal Vi Leve», som handla om Arve Beheim Karlsens død i 1999.

Ho har jobba med teater i vel 30 år, har snust litt på film og utvikla konsept og manus saman med Bentein Baardson for opningsseremonien og avslutninga for OL på Lillehammer. Ikkje minst har ho har medverka i 90 teaterstykke med regi, manus, dramaturgi eller som oversettar frå 1972 og fram til i dag.

Teater Vestland er Norges største turnerande nynorskteater. I det komande året håpar eg bygginga av det nye teaterbygget kan starte. Frå å vera ein invitert gjest, er Teater Vestland blitt ein viktig premissleverandøren til «Nynorskhuset». Dette media og teatermiljøet kan verte ein bauta for å fremje det nynorske språket. I planlegginga har Bodil vore ein særs god konsulent for innhaldet i huset.

Ein epoke er over. Takk for din store innsats for å løfte Teater Vestland til nye høgder. No byter teatersjefen namn og nøklar. Stafettpinnen går vidare til dyktige Cecilie Grydeland Lundsholt. Ho trakka også sine barneskor i Førde, og har igjen flytta til Sunnfjord og busett seg i Bygstad. Vi gleder oss til mange gode opplevingar ved Teater Vestland.

Takk for at du deltok i dugnaden i 2020



Året 2020 skriv seg inn i historiebøkene som året då det uverkelege skjedde. Samfunnet vart stengt ned. Verden vart slått ut av Covid19.

Dette fekk det fram det beste i folket. Eg er stolt over dugnadsinnsatsen folk i Sunnfjord har vore med på. Takkar for bidraget de alle har gitt for at vi har komme oss gjennom dette krevjande året då vi både skulle etablere nye Sunnfjord kommune og samstundes vart ramma av korona. Eg tenker på helsepersonell, lærarar, leiarar, reinhaldarar og alle som har stått på for å halde hjula i gang. De har lagt ned ein formidabel innsats som fortenar stor respekt.

Eg tenker på alle som har opplevd tunge dagar. Det har vore einsamt å vere student med berre digitale forelesingar. Det har vore krevjande for bebuarar på sjukeheimane våre å ikkje kunne få besøk av sine kjære. Nokon har mista jobben, og veldig mange opplever stor usikkerheit for kva neste år vil bringe. Bedrifter har bukka under, folk har sett livsverket sitt gå i grus. Det har vore eit mareritt for turisme og hotellnæringa, og kulturen har blødd. Men dei som har hatt ein jobb å gå til, har kunne leve «nesten normalt» ved å ta nødvendige forholdsreglar.

Samtidig har denne krisa utløyst kreativitet. Mange har imponert meg skikkeleg og fått til ekstremt mykje tross at pilene peikar i mot ein. Ekstremt mange dyktige folk som alle på sitt vis har bidrege med sin innsats og kunnskap til at totaliteten skal bli betre.

Digitalt har vi tatt eit kvantesprang. Kven kunne førestille seg at elevane over natta kunne ha heimskule med digital undervisning. Kven kunne førestille seg at vi kunne gjennomføre digitale kommunestyremøte og fylkesting. Den lærdommen som er hausta frå digitale møte og konferansar, vil truleg forandre korleis vi møtast i framtida.

Koronaepedimien har sett sitt preg på det meste av det vi har gjort som enkeltpersonar, i næringslivet og offentlege myndigheiter i 2020.
 
I romjula kom vaksinebilen til Norge. Vaksinen som skal få samfunnet tilbake til normalen. Håpet om at alt skal ordne seg lyser i horisonten. Sjølv om det er mykje vi ikkje veit, er det viktig mentalt for folk å vite at hjelpa er på veg. At det skal bli nok vaksine til alle, og at neste år kan samfunnet ta til å normalisere seg.

Eg vil takke for innsatsen i dette krevjande året i Sunnfjord kommune. Håpar alle har hatt ei fredeleg julehøgtid og har samla krefter til neste etappe. Eg ser fram til nye prosjekt som dukkar opp og godt venskap og samtaler i året som kjem. Håper at 2021 blir det året vi kan klemme kvarandre igjen. Inntil det, ta godt vare på kvarandre.

Godt Nytt ÅR!!

Jenny Følling
Varaordførar Sunnfjord kommune og gruppeleiar for Sp

Kampen om penger til E39

E39 er hovudpulsåra Nord-Sør som bind saman Vestlandet. E39 er eit nasjonalt satsingsprosjekt, og Vestland fylkeskommune har prioritert opprusting av E39 i sin høyringsuttale til Nasjonal Transportplan.

Førde er den største byen mellom Bergen og Ålesund. Dagens E39 gjennom Førde er smal, bratt og svingete, og har høg trafikk –13.500 i ådt. Vegen har mange ulykker og til tider kø gjennom sentrum. Der er mange skuleborn og kryssande trafikk. E39 går også gjennom Halbrendslia som er eit mareritt for vogntog og vegfarande vinterstid.

Å få gjennomgangstrafikken på E39 ut av Førde sentrum vil vere både framtidsretta og miljøvennleg. Det vert tryggare og betre for dei som bur og oppheld seg i Førde, og gir innspart reisetid for vegfarande på E39.

No står kampen om å få dette viktige prosjektet inn i første periode i Nasjonal Transportplan.

Den nye traseen frå Skilbrei til Bruland gjev ei innkorting på 4,2 km. Det gjev betydeleg redusert reisetid på E39. Parsellen er kostnadsrekna til 2,9 milliardar. Kostnadsoptimaliserande tiltak har gitt nesten ein milliard i kostnadskutt. Innsparinga kan faktisk finansiere flaskehalsen forbi Vadheim, som er kostnadsrekna til vel ein milliard. Desse prosjekta vil gi ein betydeleg klimagevinst og ikkje minst betre tryggleiken på E39. Dessutan vil det bli ein langt betre beredskapssituasjon.

Vi er veldig glade for at strekninga Myrmel-Lunde blir starta opp no. Vi forventar at Bogstunnelen – Gaular grense, som ligg inne i NTP, blir med vidare. Det er avgjerande at vi får ny E39 utanom Førde inn i første periode i NTP. Vidare må strekninga Førde – Moskog komme. Det må også Byrkjelo-Svarstad som har høg samfunnsnytte og gir minst ei tidsinnsparing på 24 minutt. Få andre prosjekt på E39 har høgare positiv tidseffekt.

Vi er forundra over at dei to raspunkta Våtedalen og Skjerdsurda, som ligg inne i dagens NTP, ikkje er med på Statens Vegvesen si prioriteringsliste. Potten til rassikring må aukst slik at vi får fjerna dei farlegaste raspunkta på E39.

Samferdsledepartementet gav Statens Vegvesen i oppgåve å prioritere prosjekt med «høg samfunnsøkonomisk nytte». Det favoriserer dei store byane. Få prosjekt i distrikta når opp. Sjølv om E39 manglar gul midtstripe, har smale parti som manglar passering for to bilar og har rasutsette område, så fell dei utanfor. Ei slik utvikling svekker norsk konkurransekraft.

Difor må prinsipp som tenleg standard, krav til tryggleik og god framkomst vektast høgare. Det må settast minimumskrav om gul midtstripe og to køyrefelt på Europaveger. Ein soleklar faktor for å lukkast på Vestlandet er å binde landsdelen saman med ein god E39.

Vi set vår lit til at Samferdsleminister Knut Arild Hareide vil prioritere prosjekta våre på E39. Flaskehalsane på E39 er den klart største utfordringa for regionen mellom Bergen og Ålesund.

Jenny Følling

Leiar E39-utvalet Sogn og Fjordane og varaordførar i Sunnfjord kommune

Ramma til rassikring må tredoblast

Ramma til rassikring må tredoblast for å sikre dei mest rasfarlege vegane våre i løpet av ein 12-årsperiode.

Denne veka var eg med Nasjonal Rassikringsgruppe på synfaring i Troms. Vi såg på rasfarlege strekningar og møtte personar som fortalde om korleis manglande rassikring av vegnettet er ein fare for liv og helse. Stengde vegar – på grunn av fare for snøskred og steinras – er også svært begrensande for utvikling av næringslivet. Det skapar stor usikkerheit, gjev store økonomiske tap og er lite forutsigbart for varetransporten.

En ny rapport om forseinkingar på veg som er utarbeidd av Menon Economics, estimerer verditapet til heile 20 mill. årleg? på grunn av stengte vegar, berre for sjømatnæringa i Nord-Norge.

Treng 70 milliardar.

Behovet for rassikring av riks- og fylkesvegene er enormt. Det er kartlagt eit behov på over 70 milliardar i heile landet. Finansieringstakten er i dag alt for låg, og held på ingen måte tritt med rasutfordringane. Nasjonal rassikringsgruppe meiner difor at dagens rammer må tredoblast. Det må til for at vi kan fjerne dei mest kritiske raspunkta i løpet av planperioden for Nasjonal Transportplan 2022-33.

Der også et sterkt behov for at det også i framtida blir gjennomført registreringar av skred på veg i alle dei aktuelle fylka. Vi treng ein oppdatert nasjonal oversikt over det totale skredsikringsbehovet på fylkesveier og riksveier. I dag  er det uklart kven som har ansvaret for å koordinere dette arbeidet, etter at Statens Veivesen vart splitta opp.

Samferdselsdepartementet må ta eit koordinerande ansvar for å bestille oppdatert skredsikringsbehovsrapport for riks- og fylkesveg for ferdigstilling i 2023. Framover vil Nasjonal Rassikringsgruppe arbeide inn mot Regjering og Storting, i tiden som kjem, for å få pengar til å sikre dei mest rasfarlege vegane våre i komande Nasjonal Transportplan.

Jenny Følling

Førde – byen mellom dei fem fjell

Vi har alle høyrt om byen mellom dei sju fjell, men kven har høyrt om byen mellom dei fem fjell. I sommar var ferien kortreist, og eitt av prosjekta var å oppedage nye kortreiste toppar.

Eg bestemte meg for gå på dei fem byfjella som omkransar Førde; Førdsnipa, Viefjellet, Hafstadfjellet, Halbrendsnipa og Eikåsnipa. Sunnfjordbyene har eit attraktivt turområde sentrumsnært. Som løn for strevet får vi flott utsyn frå hav til bre, like utanfor vår eiga stovedør.

Dette er kortreiste flotte turar. Sjølv om det er godt merka ruter opp på alle desse fjella, er det ikkje alltid like lett å finne fram. Oppturboka vart ein fast følgesvein.

Folk i Sunnfjord må bli stolte over byfjella. Dei er vakre, korteiste og lette som veldig mange kan greie å gå. Ein by med respekt for seg sjølv, har byfjell. Førde har fem. Alle desse turstiane bør merkast og marknadsførast godt. Vi treng å bli betre på å fortelle om desse perlene for at tilreisande oppedagar fjella og tek i bruk desse skattane.

Naturattraksjonar som kan bety mykje for profilering av Førde by. Dei kan skape fleire sentrumsnære aktivitetar. Dessutan gir aktiv fritid betre folkehelse. Det har ein stor verdi at vi er omgitt av fjell som gjev mulighet for kortreiste turar.

Hafstadfjellet (706 moh) har god tilkomst frå mange kanter. Går du Hafstadkleiva startar oppturen frå sentrum sør. Frå Bruland og Langeland går det også veg heilt opp. Frå Bekkjavatnet det det er fin tursti. Denne går også går rundt heile Bekkjavatnet. Der har «Bymarkas venner» tilrettelagt på ein fantastisk måte, ikkje minst på Hundsrasta.

Viefjellet 709 moh) er min favoritt. God tursti frå Soleide. Der er fantastisk utsikt over Førde og vestover mot havet. Det andre merka startpunktet går frå Visåsen. Der er god sti, og på vegen oppover ligg den populære dagsturhytta Gytta. I heile sommar har folk valfarta til denne dagsturhytta. Den må vere den best besøkte i fylket, med heile 11.000 besøkande (mai, juni, juli) ein auke på 60% frå i fjor.

Halbrendsnipa (801 moh) – Starta på Reset i Førde og gjekk langs «Den Trondhjemske postvei» til eg svingar inn på ein skogsvei, som etter litt går over i tursti opp til toppen. Flott kveldstur og flott utsikt over Førde, Storehesten og Blæjene.

Rundtur frå Fauskevarden (853 moh) til Halbrendsnipa er ein flott rundtur. Starta i Blomlia. God merka sti til Fauskevarden. Der er flott utsiktover Førdefjorden, Flokeneset og Naustdal. Det er utydeleg sti vidare Halbrendsnipa, men er fantastisk terreng med fin utsikt til Gjøset og ikkje minst Førde Lufthamn på Bringeland.

Eikåsnipa (826 moh) – Start ved Ryggjabrua i Angedalen. Følgde vegen opp til parkeringsplassen. Godt merka tursti til toppen med fantastisk utsikt både til Førde, Jølstravatnet, Jølster og breheimen. Ein fin tur med vakker utsikt.

Førdsnipa (863 moh) er den mest krevande turen. Starta på Hjelle i Angedalen. God tursti opp på Hjellestølen og vidare opp på toppen. Veldig flott utsikt over Førde sentrum, Storehesten, Sandfjellet, Ålfoten, ja i alle retningar. Gjekk rundturen vidare vestover til Hornnesstølen med flott utsikt ut Førdefjorden, Erdalen, Naustdal. Veldig bratt nedstiging til Solsvingen på Hundvebakke.

Sentrumsutvikling i Førde

Svar til Kjartan Myklebust i Firda 11. juli 2020.

Debatten om å utvikle eit attraktivt sentrum i Førde er viktig. Det har skjedd mykje positivt dei seinare åra. Det kjem også til å skje mykje framover. Sentrumsutvikling som vil løfte Førde sin attraktivitet og framheve elva Jølstra som eit smykke i sentrum.

Som du påpeikar, så har eg lenge vore opptatt av sentrumsutvikling. Det er eg framleis. Eg er opptatt av sentrumsutforming, møteplassar, god framkomst for bilar, syklande og gåande. Dette er viktig for alle som bur i sentrum, alle som pendlar til jobb i Førde, og turistar og dei som brukar handelsbyen Førde.

E39 – Fjellveien er ein av dei mest trafikkerte gatene i Vestland. Eit avgjerande grep er å få lagt E39 ut av sentrum. Eit samla kommunestyre vil jobbe hardt for å få E39-parsellen Storehaug-Bruland inn i første periode i Nasjonal Transportplan, og vi har fått Vestland fylkeskommune med på laget.

Om vi hadde starta med blanke ark, så kunne prioriteringane i Førdepakken kanskje sett noko annleis ut. Det er likevel slik at Førdepakken vart godkjent i Stortinget i 2015, etter ein omfattande prosess i Førde bystyre og godkjenning i fylkestinget. Dei 20 prosjekta som ligg i portefølgjen, er under planlegging. Nokre er gjennomførte medan andre er ute på anbod. Tiltak for 1,7 milliardar skal vere fullført i 2024. Sunnfjord kommune er ein av 3 likeverdige partar saman med fylkeskommunen og Statens Vegvesen. Sunnfjord kommune kan ikkje åleine ende prioriteringane.

Ein omkamp på prioriteringane i den storleik Myklebust ser for seg, vil slik eg ser det, vere skadeleg.

Det er knytt rekkefølgjekrav til vegprosjekta i Førdpakken. Mellom anna er det utløysande for utbygginga på Indre Øyrane og utbygginga av nye Førde vidaregårande på Øyrane til 700 millionar. Å kutte ut planlagde vegar, vil sette ein stoppar for fleire viktige utbyggingsprosjekt i Førde. Ny runde med prioriteringar og planlegging tek i tillegg tid og medføre auka kostnader. Difor meiner eg vi er best tente med å gjennomføre tiltaka slik dei blei vedtatt.

Kommunestyret har vore tydelege på at styringsgruppa skal sjå etter kostnadsreduserande tiltak. Det er viktig for å kunne gjennomføre alle prosjekta, også tiltak 20 – bru frå Steinen til Øyrane. Vi har også vore tydeleg på at kunstgrasbana framfor Førdehuset må bevarast. Det vert jobba med løysingar for det.

Med to nye bruer over Jølstra, ei gangbru og E39 ut av Førde sentrum, vil trafikksituasjonen i sentrum og Fjellveien betre seg. I tillegg gjennomfører vi no ein plan for etablering av nye parkeringsplassar.

På junimøtet i kommunestyret, prioriterte vi i tillegg tiltaka i 100 millionar-potten, som er reservert til mindre sentrumstiltak. Prioriteringslista er lang;

  • Nye vegløysingar på Ytre Øyrane
  • Gang og sykkelveg frå Øyrane vidaregåande til Firda Billag
  • Gang- sykkelveg frå Hafstadparken til Hafstad
  • Delfinansiering av høgresvingfelt i krysset frå Naustdalsvegen til Storehagen
  • Fortau Kyrkjevegen frå Hornnesvegen til Langebruvegen
  • Mindre tiltak og møblering i Førde sentrum
  • Torg nord og sør for bru ved Naustøyna
  • Fortau langs Tefrevegen
  • Parkeringshus/-kjellar
  • Gang og sykkelveg Brattebergkvia-Slåttebakkane
  • Gang og sykkelveg frå Førdehuset til Hafstadåarken
  • Nytt kryss til Vievegn ved Viebrua

Dette er mange viktige prosjekt som vi ynskjer å få gjennomført. Vi bør difor bruke meir tid på å skaffe pengar til det vi vil gjennomføre, og bruke mindre energi på skadelege omkampar.

Endring i krisetid

Det er ein heilt uvanleg vår vi legg bak oss. Etter at koronaviruset sette heile samfunnet ut av spel, har mange fått større forståing for i dei krevjande oppgåvene helsevesenet står i. Uansett kven vi er, kvar vi bur eller storleik på lommeboka, så er dei der når liv står på spel. Står på dag og natt når krisa rammar. Hjelper oss til å meistre situasjonen når vi blir sjuke.

Mange har også fått større forståing for den viktige rollen som kommune og fylkeskommune spelar. Kor viktig skuleverket er for oss som samfunn. Dei syter for at alle får grunnleggande velferdsgode som skulegang, barnehage, sosialhjelp, legehjelp og sjukeheim. Dei sikrar at alle har vatn i springen, hentar søppel – og sløkker brann når hus brenn. Oppgåver som må gjerast av fellesskapet for at vi skal fungere som samfunn – ikkje minst i krisetid.


Korona sette heile samfunnet ut av spel. Landet var i unntakstilstand, og kommunane måtte jobbe annleis. Vi vart nærmast heildigitale over natta. Det har vore ei vanskelig tid, men krisetida har likevel gitt nyttig erfaringar for framtida. Undervisning, samtaler, kurs og politiske møte har gått på Teams og Skype. Skulane har teke digitale kvantesprang etter over to månader med nettundervisning. Alt dette har opna nye, og kanskje overraskende dører.


Våre eldre og dei som har utfordringer med psykisk helse og rus, har hatt det ekstra tøft. Mange har blitt isolerte og har vore redde for å bli sjuke. Behandlingstilboda blei endret radikalt. Det har vore krevjande for mange, men det er også nokre positive effektar.


Helse og omsorgsminister Bernt Høye besøkte nyleg Førde sentralsjukehus. Han ville høyre om sjukehuset sine erfaringar med korona. Han vitja også rådhuset i Førde for å få vite meir om korleis utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Vestland (USHT) har utvikla velferdsteknologiske løysingar, som har kome til nytte under korona. Eg trur han vart imponert. Eldre som har kunne møte sine kjære gjennom I-pad og skjermsamtaler. Heimesjukepleien som kan halde kontakt med heimebuande digitalt. Dette kan aldri erstatte personleg kontakt, men kan vere eit viktig supplement.


Framover vert det viktig å bruke den teknologiske kunnskapen og dei nye arbeidsmåtane som koronakrisa har tvinga oss til å ta i bruk. Der ligg mykje kunnskap og erfaring. Stadige endringar, forventningar frå innbyggarane og komplekse utfordringar krev nye arbeidsmåtar. Vi treng å ta i bruk ny teknologi, og fleire tenester kan digitaliserast. Evna til å ta i bruk ny teknologi er det som i størst grad fremmar innovative løysingar – både i helseføretak, kommunar og fylkeskommunar.


Det skjer magiske ting når personar med ulik bakgrunn jobbar saman om å løyse konkrete behov. Korona eller ei – alvorleg sjuke menneske har fått hjelp. Tilbakemeldingane på den digitale overgangen har i all hovudsak vore positive.


Vi trenge sterke kompetansemiljø og flinke folk som vågar å tenke nytt og er innstilt på å lære gjennom heile arbeidslivet. Takk til alle som har stått i det og medverka til at samfunnet har halde hjula i gang i krisetid.

God sommar til deg som kan ta ein pust i bakken. God sommar til deg som jobber i sommer – god vakt!