17. mai appell – Helsetunet i Førde

Kjære alle ved Førde Helsetun og alle tilsette. Gratulerer med dagen!

Vi har lange og gode tradisjonar for å feire 17. mai i Norge. I dag feirer vi at Riksforsamlinga på Eidsvoll vedtok grunnlova vår i 1814. Nasjonaldagen har vi kunne feire i fred og fridom i 75 år samanhengande, sidan krigen tok slutt i 1945. I år vert det ei annleis 17. mai-feiring, men vi skal feire dagen. Det skal bli 17. mai-fest i år også!

For vi bur i eit fritt land. Vi kan feire dei grunnleggande og demokratiske rettane vi alle set så høgt. Og sjølv om det er unntakstilstand i landet, så kan vi heise flagget for viktige prinsipp som samfunnet vårt er bygde på.

For det er ingen tvil om at tida vi har vore gjennom dei siste månadene har vore krevjande. Eit lite virus som oppstod på ein dyremarknad i Wuhan i Kina, har sett heile verda ut av spel. Pandemien har vist kor sårbare vi er. Vi har fått livet tettare innpå kroppen.

De som bur her på helsetunet har ikkje kunne hatt besøk av familie og nære pårørande siste månadene, og det må ha vore ekstra tungt. Då er det gledeleg at Sparbanken Sogn og Fjordane har sponsa nettbrett slik at de kan halde kontakt med familie på nettet. Ja, det har vore fint å oppleve er at folk har stått samla. At folk har tatt vare på kvarandre, og vist både omsorg og omtanke. Takk for at de alle saman har delteke i denne viktige dugnaden.

Men sjølv om vi her i Noreg har klart oss vesentleg betre enn i mange andre land, har også nokon opplevd å miste nokon av sine kjære. Denne spesielle situasjonen også ført oss nærare saman – som menneske – som kommune og som nasjon. Vi har hausta nye erfaringar, og denne lærdommen håpar er vi tek med oss og brukar, i tida framover. 

Siste månadene set grunnlovsdagen i eit nytt lys. Vi har fått ein smakebit på kva innskrenking av fridom betyr. Vi føler på usikkerheit rundt kva framtida vil bringe, og vi har fått ei påminning om at friheit ikkje er sjølvsagt. Men vi er heldige som bur i eitt av verdas rikaste og tryggaste land – vi har eit fantastisk godt helsevesen – og eit godt sikkerheitsnett.

Over heile landet heng det plakatar med teksten «Alt blir bra», illustrert med ein symbolsk regnboge. Det er ei fin påminning og eit løfte om at vi går mot lysare tider. At vi må samarbeide for å finne ein trygg og god veg tilbake til det normale.

Det var ikkje ei slik feiring 17. mai-komiteen hadde sett føre seg på den første 17. mai i Sunnfjord kommune. Det tradisjonsrike folketoget og barntoget manglar. Barna og barnetoga har spelt ei spesielt viktig rolle i historia, heilt frå den gongen Bjørnstjerne Bjørnson tok initiativet det fyrste barnetoget i 1870. Kvar 17. mai sidan 1906 – med unntak av krigsåra – har kongefamilien helsa barnetoget frå Slottsbalkongen. Slik blir det ikkje i år, men eg håpar likevel at nasjonaldagen vert ein god dag – og den vert garantert ein 17. mai som vil gå inn i historiebøkene.

Eg håpar at du i dag kan få besøk av dine kjære – at du kan nyte god tradisjonskost – at du kjenner nasjonalkjensla bruse i årane når du høyrer heile landet syng nasjonalsongen «Ja, vi elsker dette landet», og skulemusikkorpsa spelar «Gud signe vårt dyre fedreland».

I år må vi følgjer 17. mai feiringa på TV og på nettsending, men 17. mai-veteranbiltoget vil køyre forbi Helsetunet litt over kl. 13. Eg håpar mange av dykk får gleda av å sjå staselege veteranbilar pynta til 17. mai-fest rulle gjennom gatene i Førde sentrum.

Med desse orda vil eg ynskje alle hjarteleg til lukke med nasjonaldagen. Snart vi Angedalen brunsextett spele for dykk. Igjen gratulerer med dagen!

Takk for meg!

God Påske i desse koronatider

Dei siste vekene har vore uverkelege. Brått vart kvardagen snudd opp ned. Skular og barnehagar vart stengde over natta. Folk vart beordra til heimekontor. Alle reiser vart innstilte og flyplassar stengde.

Myndigheitene var tidleg ute, og tok situasjonen på alvor. Det har vore avgjerande at folk har hatt tillit til det nasjonale myndigheiter bestemmer. Det har vore viktig at det har vore oppslutning om dei tiltak som vert sette i verk for å redusere smittespreiing. Og vi må halde ut, for dugnaden verkar.

Eg syns folk har vore flinke. Alle har vist stor tolmodigheit og har vore uthaldande. Framover er det viktig å halde oppe livsmotet. I desse tider er det ekstra viktig å ha omtanke for kvarandre, hjelpe dei som treng det mest, men også å halde hjula i gang. Ein dag kjem kvardagen tilbake til oss alle. I mellomtida er det viktig at vi er sterke, har drivkraft, viser velvilje og rettar oss etter myndigheitene sine retningslinjer.

Denne krisa lærer oss å sette meir pris på dei nære ting. Lukka kan ligge mykje nærare enn vi trur. Familien, fjella våre, dei flotte skiløypene Langeland. Bevisstheita om at vi må bruke nærbutikken, handle kle og skor lokalt slik at vi i framtida kan ha eit godt og rikt tilbod i Førde, her vi bur.

Landet vårt er fullt av perler. Vi treng ikkje å reise rett i turistfellene. Ta heller ein fjelltur på viddene i Sunnfjord. Med telt, fiskestang og proviant vil du finne stader der mest ingen har sett sine bein. På Gaularfjellet – på tur til Johannesberget 1448 over Sognefjorden med utsikt til Jostedalsbreen og smale fjordarmar. Fjella ligg som perler på ei snor i Jølster, Tindefjellet, Ola Hansen eller Vonavatnet i Naustdal.   

Men det er nokre som må jobbe i påskehelga i samfunnskritisk teneste. Eg vil takke alle tilsette i kommune og i helsevesen som må ta seg av dei som blir sjuke. Alle gjer de ein kjempeinnsats.

Men mange har også opplevd at arbeidsplassen forsvinn. Dette er svært alvorleg. Då er det godt å sjå at stortinget kjem med tiltakspakkar, slik at flest mogeleg arbeidsplassar overlever denne krisa. Vi må følge med på at desse krisepakkene er til hjelp dei som vert råka.

Når det no ser ut til at barnehagar og skular opnar opp litt etter kvart, får vi håpe at det er teikn på at det går rette vegen.

No er det påskefri. Då er det viktig å lade batteria. Påska i år vert for mange annleis. Sjølv om vi ikkje kan vere samla i påska, kan vi ha det fint kvar for oss. Eg ynskjer alle ei velsigna påskehelg. Gled deg over kvar dag, og pass på helsa. Ha en riktig god påske og ta godt på kvarandre. Det kjem til å gå bra!!

Krafttak for trygge veger

Ein ny skredrapport som Statens vegvesen la fram i desember, syner at kostnadene med å rassikre dei farlegaste fylkes- og riksvegane våre, har auka frå 50 milliardar til svimlande 71 milliardar. Nesten 40% av desse raspunkta ligg i Region Vest.

 Løyvingane til rassikring må tredoblast i forhold til det som i dag ligg inne i NTP. Det er eit enormt behov. Ein av dei største utfordringane er klimaendringane. Vi merkar på kroppen. Herold Kråkenes hadde englevakt då raset i Våtedalen tok bilen hans. Han overlevde på mirakuløst vis då bilen flaut oppå raset. Under ekstremveret i Jølster i fjor tok raset liv. Dette er berre to av mange eksempel som fortel oss at klima at klima er i ulage.

Det kostar fylkeskommunane fleire titals millionar årleg å reparere. Det kostar for kommunar og for folk, men aller verst, det kostar liv. Nasjonal Rassikringsgruppe sitt krav derfor er at;

  • Det må leggast ein 12-årig finansieringsplan som tek høgde for at dei farlegaste punkta kan sikrast.
  • At pengane som vert løyvde til rassikring må tildelast rasfylka etter dokumenterte rasbehov.
  • I tillegg til dette treng kommunar og fylke pengar til å forebygge og ruste oss mot ekstremver.

I eit slikt bilde er eg glad for at vi har fått ein Samferdsleminster som kjenner til rasutfordringane. Ein statsråd som kjenner ferjefylka, som forstår at det kostar å legge om til utsleppsfrie ferjer, og som ser at Vestlandet har behov for ein opprusta E39 for å binde saman landsdelen vår. Eg har forventningar til at det vert levert på desse punkta i Nasjonal Transportplan.    

Vi kjenner no klimaendringane på kroppen og ferjeprisane på pungen.

Klimakrisa vert ikkje løyst ved å ofre Norsk landbruk!

Miljødirektoratet har lagt fram ein rapport om «Klimakur 2030» med 60 ulike tiltak. Ikkje uventa er eitt av klimatiltaka endra kosthald og redusert matsvinn. Så mykje som ein million dekar jordbruksareal kan gå ut av drift dersom tilrådde tiltak vert gjennomført.

Dette vil endre landet vårt. Det vil få dramatiske følgjer for busettinga i distrikta, og vere kritisk for norsk sjølvforsyning av mat. Rapporten er tydeleg på at omlegging av kosthaldet vil endre Norge. Sunnfjord er største landbrukskommunen i Vestland fylke. Landbruket representerer viktige arbeidsplassar, er livsgrunnlaget for mange, og den største private bedrifta i Førde er Nortura.

Vi har store ressursar på innmark og i utmark som berre er eigna til beitebruk og grasproduksjon. Kan det verkeleg vere berekraftig og miljøvenleg å la norsk matjord ligge brakk og gro att, medan importen av mat aukar, frå land som treng maten sjølv. Dette vil auke klimautsleppa i andre deler av verda.

Norge står for 2 promille av det totale utsleppa verda. Vi kan ikkje redde kloden, men vi kan vere eit godt forbilde. Vi kan kutte i utsleppa ved hjelp av betre dyrkingsmetodar, ny teknologi og bruke innkjøpsmakta. Vi kan innføre utsleppsfrie ferjer, miljøvennlege hurtigbåtar, bussar og el-fly på kortbanenettet. Og vi kan produsere meir rein fornybar energi. Berre i Vestland fylke har vi i dag ein vasskraftproduksjon på over 30 Twh, noko som utgjer omlag 25% av den norske vasskrafta.

Men vi må kunne oppretthalde ein klimavenleg matproduksjon på Vestlandet og i distrikts-Norge. Eg tvilar på at våre etterkomarar vil vere spesielt imponerte over at verdas rikaste land har raderer ut landbruket i store deler av landet utan særleg klimaeffekt. Her finst ikkje reelle alternativ til husdyrhald og grasproduksjon. FN sitt klimapanel peikar på at alle land har ansvar for å halde oppe eigen matproduksjon. Denne rapporten peikar derimot på at løysinga for Norge er redusert norsk matproduksjon.

Klimautfordringane skaper matkrise.

I 2017 var om lag 124 millionar menneske ramma av svolt. Ved sida av krig og konflikt, så er klimaendring og ekstremver årsaka til auka global matkrise. Husdyra er ikkje årsaka til klimautfordringane. Husdyr som omdannar gras til mat og menneskeføde trengs for å dekke verda sitt matvarebehov. Vi må sjå på heilskapen i matproduksjonen.

Norsk landbruk har alt låge utslepp samanlikna med dei fleste andre land i verda. Det vert arbeidd kvar dag for lågare klimaavtrykk av norsk matproduksjon. Klimakrisa kan ikkje løysast ved å ofre norsk matproduksjon og sette sjølvforsyninga i spel.