Kjære alle ved Førde Helsetun og alle tilsette. Gratulerer med dagen!
Vi har lange og gode tradisjonar for å feire 17. mai i Norge. I dag feirer vi at Riksforsamlinga på Eidsvoll vedtok grunnlova vår i 1814. Nasjonaldagen har vi kunne feire i fred og fridom i 75 år samanhengande, sidan krigen tok slutt i 1945. I år vert det ei annleis 17. mai-feiring, men vi skal feire dagen. Det skal bli 17. mai-fest i år også!
For vi bur i eit fritt land. Vi kan feire dei grunnleggande og demokratiske rettane vi alle set så høgt. Og sjølv om det er unntakstilstand i landet, så kan vi heise flagget for viktige prinsipp som samfunnet vårt er bygde på.
For det er ingen tvil om at tida vi har vore gjennom dei siste månadene har vore krevjande. Eit lite virus som oppstod på ein dyremarknad i Wuhan i Kina, har sett heile verda ut av spel. Pandemien har vist kor sårbare vi er. Vi har fått livet tettare innpå kroppen.
De som bur her på helsetunet har ikkje kunne hatt besøk av familie og nære pårørande siste månadene, og det må ha vore ekstra tungt. Då er det gledeleg at Sparbanken Sogn og Fjordane har sponsa nettbrett slik at de kan halde kontakt med familie på nettet. Ja, det har vore fint å oppleve er at folk har stått samla. At folk har tatt vare på kvarandre, og vist både omsorg og omtanke. Takk for at de alle saman har delteke i denne viktige dugnaden.
Men sjølv om vi her i Noreg har klart oss vesentleg betre enn i mange andre land, har også nokon opplevd å miste nokon av sine kjære. Denne spesielle situasjonen også ført oss nærare saman – som menneske – som kommune og som nasjon. Vi har hausta nye erfaringar, og denne lærdommen håpar er vi tek med oss og brukar, i tida framover.
Siste månadene set grunnlovsdagen i eit nytt lys. Vi har fått ein smakebit på kva innskrenking av fridom betyr. Vi føler på usikkerheit rundt kva framtida vil bringe, og vi har fått ei påminning om at friheit ikkje er sjølvsagt. Men vi er heldige som bur i eitt av verdas rikaste og tryggaste land – vi har eit fantastisk godt helsevesen – og eit godt sikkerheitsnett.
Over heile landet heng det plakatar med teksten «Alt blir bra», illustrert med ein symbolsk regnboge. Det er ei fin påminning og eit løfte om at vi går mot lysare tider. At vi må samarbeide for å finne ein trygg og god veg tilbake til det normale.
Det var ikkje ei slik feiring 17. mai-komiteen hadde sett føre seg på den første 17. mai i Sunnfjord kommune. Det tradisjonsrike folketoget og barntoget manglar. Barna og barnetoga har spelt ei spesielt viktig rolle i historia, heilt frå den gongen Bjørnstjerne Bjørnson tok initiativet det fyrste barnetoget i 1870. Kvar 17. mai sidan 1906 – med unntak av krigsåra – har kongefamilien helsa barnetoget frå Slottsbalkongen. Slik blir det ikkje i år, men eg håpar likevel at nasjonaldagen vert ein god dag – og den vert garantert ein 17. mai som vil gå inn i historiebøkene.
Eg håpar at du i dag kan få besøk av dine kjære – at du kan nyte god tradisjonskost – at du kjenner nasjonalkjensla bruse i årane når du høyrer heile landet syng nasjonalsongen «Ja, vi elsker dette landet», og skulemusikkorpsa spelar «Gud signe vårt dyre fedreland».
I år må vi følgjer 17. mai feiringa på TV og på nettsending, men 17. mai-veteranbiltoget vil køyre forbi Helsetunet litt over kl. 13. Eg håpar mange av dykk får gleda av å sjå staselege veteranbilar pynta til 17. mai-fest rulle gjennom gatene i Førde sentrum.
Med desse orda vil eg ynskje alle hjarteleg til lukke med nasjonaldagen. Snart vi Angedalen brunsextett spele for dykk. Igjen gratulerer med dagen!
Takk for meg!