Då er tida inne for å takke for oss i Sogn og Fjordane fylkesting. Det aller siste fylkestinget i Sogn og Fjordane si historie. Det vekker mange følelsar og ulike følelsar. Vemod over at vi ikkje lenger skal vere eige fylke, takksemd til det som har vore, og spenning og forventning til det nye fylket.
Regionreforma er Stortinget si reform, men det var klokt av Sogn og Fjordane fylkeskommune å ta ansvar, og sette seg i førarsete frå starten av, då vi såg at Stortinget dreiv igjennom regionreforma. Eg meiner vi har jobba godt. Det har vore tatt viktige grep siste fire åra, for å ivareta fylket vårt, kraftverdiane våre og det nynorske språket for framtida.
Takk til fylkestinget. Eg er stolt over Fylkestinget som har hatt stor evne å samle seg i dei viktige sakene. Det var stor semje i SFE-saka og korleis vi skulle ivareta Sogn og Fjordane sine interesser i nye Vestland fylke.
Eg vil gi ros til fylkestinget. Dei har vore eit fantastisk kollegium som har hatt friske diskusjonar når det trengs, og evna til å samle seg om dei strategisk viktige sakene når det var nødvendig. Dei har vore dyktige på å skilje sak og person og opptre med respekt for kvarandre. Det har bidratt til eit godt arbeidsklima i fylkestinget.
Takk til vår fylkesrådmann som er klartenkt og strukturert, og har ein imponerande arbeidskapasitet. Han har omtanke for dei han har rundt seg og ein god sjef. Dessutan er han ein tallknusar av dei skjeldne, og vart utpeika til å representere fylkeskommunane i Regjeringa sitt Ekspertutval. Dei skulle tilrå nye oppgåver som kunne eigne seg godt å flytte til dei nye fylka. Eit særdeles godt arbeid. Eg skulle ønske at regjeringa lytta meir til Ekspertutvalet sine råd.Sogn og Fjordane fylkeskommune er heldige som har hatt ein slik rådmann, som har hatt god oversikt, høg fagleg intigretet og god økonomisk styring.
Så vil eg rette ei stor takk til alle dykk som jobbar i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eg er stolt av å vere kaptein på ei skute med eit så dyktig mannskap om bord. De er ein fantastisk gjeng med høg kompetanse. De har vore med å bygge Sogn og Fjordane som ein av dei fylkeskommunane i landet som har størst oppslutning i folket. Vi har mange dyktige og dedikerte folk med stort engasjement, som jobbar her fordi de brenn for oppgåva. Det gjev det resultat. Eg er stolt av dykk, og den solide jobben de gjer.
Eg kom inn i fylkestinget i 2003. Det vart heile 16 spennande år som folkevald i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei siste 4 åra som fylkesordførar. Det har vore både ei glede og ei ære å ha fått tillit til å vere politisk leiar i dette naturskjønne og flott fylket. Men det har også vore eit stort ansvar, og ikkje minst hardt arbeid kvar einaste dag. For det har skjedd større omveltningar i denne fireårsperioden enn i fylkeskommunen si 256 år lange historie.
Alle fylkespolitikarane har stått samla om å sikre Sogn og Fjordane viktige posisjonar inn i eit nytt fylke. Fylkestinget har stått samla om å sikre at våre kraftressursar vart verande her verdiane her.
Like viktig blir det å stå samla framover for å bygge nye Vestland fylke. Vi må hevde våre interesser, bygge Vestlandet som motmakt og utvikle ein sterk Vestlandsidentitet. Vi må vinne dei nasjonale kampane. Stortinget har ikkje utstyrt fylkeskommunane med nye heilskaplege oppgåver eller ein solid verktøykasse. Dette er ein kamp vi må ta. Fylkeskommunane kan ta mykje større oppgåver enn det vi har i dag.
Det er ei tid for alt. No er tida der Sogn og Fjordane og Hordaland skal bli ein. Men det er ikkje tida for å stå med hua i handa. Det er ikkje tida for å gå stille i dørene. Vi veit gjerne ikkje alt som ventar, men vi veit kvar vi vil – og at det er berre gjennom hardt arbeid våre draumar vil la seg realisere. Det har vi som politikarar ansvar for. Det har også kvar og ein av oss som bur i fylket ansvar for. Ingen ting kjem av seg sjølv.
Vi skal trakke ny råk for dei som kjem etter oss. Landskapet er nytt. Gjerne ikkje reint bokstavleg, men kommunar er nye og større, og fylkeskartet er nytt og større. Vi skal ivareta alle innbyggarane sine interesser, og må og ta den posisjon i det nye fylket som alle her i fylket meiner vi skal ta. Vi skal bygge Vestlandet som motmakt. Den skal vi bygge på vår identitet. Tida for å gjere det er no.
Sogn og Fjordane sine fortrinn er at vi har mykje flinke og driftige folk og store naturressursar. Det er ein god kombinasjon. Mykje av arbeidet med å bygge Vestland fylke sterkt må føregå i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det vil bli viktig å jobbe for at den kultur og identitet som Sogn og Fjordane representerer, blir ei viktig drivkraft i Vestland Sogn og Fjordane må ha eit sterkt fotavtrykk i Vestland.
Vi har sterke arbeidsplassar, store naturressursar i form av energi, landbruk, landbruk, fiske og havbruk, og ein sterkt eksportretta industri. Sogn og Fjordanemodellen er vårt varemerke, der vi jobbar saman på tvers av forvaltningsnivå for å løyse oppgåvene.
Å bygge vårt langstrakte fylke saman med gode kommunikasjonar som veier, båttilbod, fly og breiband vil vere avgjerande for vidare vekst. Det vert også viktig at vi framleis har dei beste skulane i landet, og at vi skal vere i front på nynorsk og kulturliv og vere best på å legge til rette for og samhandle med næringslivet.
Den framforhandla intensjonsplanen slår fast at vi skal ha ein desentralisert struktur på tenester og arbeidsplassar. Det vert ei viktig oppgåve å passe på at desse stolpane står fast. Berre slik kan vi bygge eit sterkt Vestland med ei samla sterk røyst, og sikre busetting i heile fylket. Menneska som bur her er vår viktigaste kapital. Det er vi som skal gjere jobben. Vi sit på nøkkelen til å bygge det nye fylket.
Etter kvart som det har gått opp for folk at Vestland fylke vert ein realitet, så har kjærleiken til Sogn og Fjorande blomstra. Dette har fått dei merkelegaste utslag. Fylkesskilt har blitt ein attraksjon, og skilt vert sporlaust borte. Det har blitt populært med Sogn og Fjordane t-skjorer og Sogn og Fjordaneplakatar.
Vi må ta vare på historia. Ta vare på det som ein gong var. Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre, Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, som det står i Sogn og Fjordane-songen.
Eit kapittel i historieboka lukkar seg og framfor oss ventar Vestland. Vi har alle forutsetningar for å bygge Vestland, og det må vi gjere gjennom lagarbeid og gode alliansar.
Takk for oss Sogn og Fjordane – no er det Vestland som gjeld!