Takk Sogn og Fjordane!

Då er tida inne for å takke for oss i Sogn og Fjordane fylkesting. Det aller siste fylkestinget i Sogn og Fjordane si historie. Det vekker mange følelsar og ulike følelsar. Vemod over at vi ikkje lenger skal vere eige fylke, takksemd til det som har vore, og spenning og forventning til det nye fylket.

Regionreforma er Stortinget si reform, men det var klokt av Sogn og Fjordane fylkeskommune å ta ansvar, og sette seg i førarsete frå starten av, då vi såg at Stortinget dreiv igjennom regionreforma. Eg meiner vi har jobba godt. Det har vore tatt viktige grep siste fire åra, for å ivareta fylket vårt, kraftverdiane våre og det nynorske språket for framtida.

Takk til fylkestinget. Eg er stolt over Fylkestinget som har hatt stor evne å samle seg i dei viktige sakene. Det var stor semje i SFE-saka og korleis vi skulle ivareta Sogn og Fjordane sine interesser i nye Vestland fylke.

Eg vil gi ros til fylkestinget. Dei har vore eit fantastisk kollegium som har hatt friske diskusjonar når det trengs, og evna til å samle seg om dei strategisk viktige sakene når det var nødvendig. Dei har vore dyktige på å skilje sak og person og opptre med respekt for kvarandre. Det har bidratt til eit godt arbeidsklima i fylkestinget.

Takk til vår fylkesrådmann som er klartenkt og strukturert, og har ein imponerande arbeidskapasitet. Han har omtanke for dei han har rundt seg og ein god sjef. Dessutan er han ein tallknusar av dei skjeldne, og vart utpeika til å representere fylkeskommunane i Regjeringa sitt Ekspertutval. Dei skulle tilrå nye oppgåver som kunne eigne seg godt å flytte til dei nye fylka. Eit særdeles godt arbeid. Eg skulle ønske at regjeringa lytta meir til Ekspertutvalet sine råd.Sogn og Fjordane fylkeskommune er heldige som har hatt ein slik rådmann, som har hatt god oversikt, høg fagleg intigretet og god økonomisk styring.

Så vil eg rette ei stor takk til alle dykk som jobbar i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eg er stolt av å vere kaptein på ei skute med eit så dyktig mannskap om bord. De er ein fantastisk gjeng med høg kompetanse. De har vore med å bygge Sogn og Fjordane som ein av dei fylkeskommunane i landet som har størst oppslutning i folket. Vi har mange dyktige og dedikerte folk med stort engasjement, som jobbar her fordi de brenn for oppgåva. Det gjev det resultat. Eg er stolt av dykk, og den solide jobben de gjer.

Eg kom inn i fylkestinget i 2003. Det vart heile 16 spennande år som folkevald i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei siste 4 åra som fylkesordførar. Det har vore både ei glede og ei ære å ha fått tillit til å vere politisk leiar i dette naturskjønne og flott fylket. Men det har også vore eit stort ansvar, og ikkje minst hardt arbeid kvar einaste dag. For det har skjedd større omveltningar i denne fireårsperioden enn i fylkeskommunen si 256 år lange historie.

Alle fylkespolitikarane har stått samla om å sikre Sogn og Fjordane viktige posisjonar inn i eit nytt fylke. Fylkestinget har stått samla om  å sikre at våre kraftressursar vart verande her verdiane her.

Like viktig blir det å stå samla framover for å bygge nye Vestland fylke. Vi må hevde våre interesser, bygge Vestlandet som motmakt og utvikle ein sterk Vestlandsidentitet. Vi må vinne dei nasjonale kampane. Stortinget har ikkje utstyrt fylkeskommunane med nye heilskaplege oppgåver eller ein solid verktøykasse. Dette er ein kamp vi må ta. Fylkeskommunane kan ta mykje større oppgåver enn det vi har i dag.

Det er ei tid for alt. No er tida der Sogn og Fjordane og Hordaland skal bli ein. Men det er ikkje tida for å stå med hua i handa. Det er ikkje tida for å gå stille i dørene. Vi veit gjerne ikkje alt som ventar, men vi veit kvar vi vil – og at det er berre gjennom hardt arbeid våre draumar vil la seg realisere. Det har vi som politikarar ansvar for. Det har også kvar og ein av oss som bur i fylket ansvar for. Ingen ting kjem av seg sjølv.

Vi skal trakke ny råk for dei som kjem etter oss. Landskapet er nytt. Gjerne ikkje reint bokstavleg, men kommunar er nye og større, og fylkeskartet er nytt og større. Vi skal ivareta alle innbyggarane sine interesser, og må og ta den posisjon i det nye fylket som alle her i fylket meiner vi skal ta. Vi skal bygge Vestlandet som motmakt. Den skal vi bygge på vår identitet. Tida for å gjere det er no.

Sogn og Fjordane sine fortrinn er at vi har mykje flinke og driftige folk og store naturressursar. Det er ein god kombinasjon. Mykje av arbeidet med å bygge Vestland fylke sterkt må føregå i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det vil bli viktig å jobbe for at den kultur og identitet som Sogn og Fjordane representerer, blir ei viktig drivkraft i Vestland Sogn og Fjordane må ha eit sterkt fotavtrykk i Vestland.

Vi har sterke arbeidsplassar, store naturressursar i form av energi, landbruk, landbruk, fiske og havbruk, og ein sterkt eksportretta industri. Sogn og Fjordanemodellen er vårt varemerke, der vi jobbar saman på tvers av forvaltningsnivå for å løyse oppgåvene.

Å bygge vårt langstrakte fylke saman med gode kommunikasjonar som veier, båttilbod, fly og breiband vil vere avgjerande for vidare vekst. Det vert også viktig at vi framleis har dei beste skulane i landet, og at vi skal vere i front på nynorsk og kulturliv og vere best på å legge til rette for og samhandle med næringslivet.

Den framforhandla intensjonsplanen slår fast at vi skal ha ein desentralisert struktur på tenester og arbeidsplassar. Det vert ei viktig oppgåve å passe på at desse stolpane står fast. Berre slik kan vi bygge eit sterkt Vestland med ei samla sterk røyst, og sikre busetting i heile fylket. Menneska som bur her er vår viktigaste kapital. Det er vi som skal gjere jobben. Vi sit på nøkkelen til å bygge det nye fylket.

Etter kvart som det har gått opp for folk at Vestland fylke vert ein realitet, så har kjærleiken til Sogn og Fjorande blomstra. Dette har fått dei merkelegaste utslag. Fylkesskilt har blitt ein attraksjon, og skilt vert sporlaust borte. Det har blitt populært med Sogn og Fjordane t-skjorer og Sogn og Fjordaneplakatar.

Vi må ta vare på historia. Ta vare på det som ein gong var. Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre, Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, som det står i Sogn og Fjordane-songen.

Eit kapittel i historieboka lukkar seg og framfor oss ventar Vestland. Vi har alle forutsetningar for å bygge Vestland, og det må vi gjere gjennom lagarbeid og gode alliansar.

Takk for oss Sogn og Fjordane – no er det Vestland som gjeld!

Vi kan ikkje godta desse løysingane

Denne veka var Jenny Følling (ordførarkandidat i Sunnfjord kommune) på synfaring i området ved Førdehuset saman med Arne Helgheim (leiar i Førde idrettslag) og Per Øyvind Storevik (tilsett i Førde idrettslag). Dei tre er samde i at arealet på dagens kunstgrasbane skal takast vare på, og at idretten og skulane ikkje skal miste viktig areal i dette området grunna brukryssing og rundkøyring. Heile området ved Førdehuset må sjåast i samanheng, og ei trafikkmaskin med stor rundkøyring inn på dagens kunstgrasbane, vil forringe området kraftig.

Vi krev at Statens vegvesen går gjennom planane for brukryssinga ved Hafstad, jfr. tiltak 1 i Førdepakken. Det er viktig med nytt hovudfokus på standarden på dette tiltaket, og vi vil at Statens vegvesen vurderer alternativ som fortau berre på den eine sida på brua og alternativ som å flytte dagens kunstgrasbane nærare Førdehuset. Her er det mange sider som så langt ikkje har blitt lagt fram for politisk handsaming, seier leiar i Førde IL Arne Helgheim.

Vi kjenner til at Norconsult skal leggje fram ein plan for området innan 4. oktober, og håpar mellom anna at planar om parkering under kunstgrasbana og oppstillingsplass på Hafstadsida av Jølstra, er to av momenta som blir vurderte, seier Jenny Følling. Ho meiner det viktigaste er at området rundt Førdehuset skal bevarast og ikkje forringast. Då Førdehuset vart bygd på midten av 1970-talet var det eit bygg som store delar av Norge såg opp til. Vi er opptekne av at kultur og idrett framleis skal stå sterkt i kommunen, og vil ikkje ofre bane for veg, og heller styrke dette kraftsenteret i kommunen.

Samstundes er det klart at det er politikarane som til sjuande og sist skal bestemme dette. Vi har i det siste sett at stadig fleire stiller spørsmål ved alternativ 1 i Førdepakken, og om det verkeleg er trong for dette. Derfor vil vi be Statens vegvesen på nytt sjå på kva som gjerast for å redusere på storleiken og standarden på prosjektet. Det må kunne vere mogleg å gjere avvik på dei planane som no er framlagde. På mange måtar handlar dette om eit verdival, og det må vere mogleg å ha kompromiss på formelle krav meiner Helgheim.

Noko av det viktigaste er at kunstgrasbana ved Førdehuset endeleg skal få det løftet den treng, og kor det er budsjettert pengar til renovering. Dette vil styrke Førdehuset sin posisjon, og vi vil ikkje at framtidige vegar i sentrumsområdet skal forringe området ved Førdehuset. Samstundes ser vi at med skuleutbyggjinga på indre Øyrane, så vil aksen indre Øyrane-Førdehuset-Hafstadparken aktualisere planane om ei mindre gangbru i dette området. Kanskje kan ein reduksjon på bilbrua i tiltak 1 i Førdepakken, kunne opne opp for å frigjere økonomiske midler til ei slik gangbru. Dermed kan garderobefasiltetane i Førdehuset nyttast, og ikkje minst kostbare og usikre planar om ei erstatningsbane for kunstgrasbana, kan skrinleggjast ein gong for alle. For det handlar om å nytte Førdehuset sine innarbeidde fasilitetar, og ikkje byggje dei ned. På dette området er det viktig at vi som poliikarar og idrettsleiarar har andre tankar enn veg i hovudet. Det er vår opppåve å sjå heilskapen i dette. Og det er vår oppgåve å sjå til at folket i kommunen har gode miljø- og oppvekstvilkår.

Førde IL trur ikkje slike planar som det Statens vegvesen har lagt fram i dette området kunne ha skjedd andre plassar i landet. Derfor er det viktig å stå opp mot dette, og be dei politikarane som frå 9. september skal bestemme her i kommunen, om å sjå på dette på nytt, meiner dei tillitsvalde i idretten. Utan å forskottere valet på måndag, så kan vi rekne med at det blir mange heilt nye representantar i det nye kommunestyret. Det er viktig, og faktisk ei plikt, at desse får ta dei viktige vala når dei skal ta Sunnfjord kommune inn i den nye tida. Som ansvarlege politikarar vil vi sjå på totalrekneskapen for slike utbyggjingar, og ikkje berre på kostnadane med vegane og bruene. Det er ingen tvil om at totalrekneskapen er absolutt best ved at vi ivaretek Førdehuset slik det er i dag, og i staden for å forringe det, heller byggjer det ut til å bli den storstova vi er så stolte av.

Skal vi vere attraktive for folk som vil flytte hit, så må vi freiste med godt miljø og gode oppvekstvilkår for barn og unge, og ikkje store trafikkmaskiner inn i vårt viktigaste område.

Jenny Følling, Arne Helgehim, Per Øyvind Storevik.

Rasa aukar – det same må rassikringa

Senterpartiet krev minst ei dobling av rassikringsmidlane:

Senterpartiet krev at løyvingane må auke tilsvarande, og det må skje raskt. Med regjeringa sin løyvingstakt vil det ta 30 år før dei mest rasutsette strekningane er sikra.

I Sunnfjord kan vi med auka løyvingar få sikra den rasfarlege fylkesvegen 609 Hundsåna og riksveg 5 mellom Førde og Naustdal. Også Matbjøra i Viksdalen er rasutsett.

Vestland fylke toppar ras-statistikken. Med klimaendringane aukar rasfaren. Medan nedbøren aukar, rasa blir fleire, og fleire stengde vegar, må folk halde seg heime. Med omsyn til liv og helse blir borna haldne heime frå skule, og foreldra heime frå jobb. Heimesjukepleien kjem ikkje fram, og ein må berre kryssa fingrane for at det ikkje oppstår akutte situasjonar som vil krevja ambulanse frå andre sida av rasstrekninga. For næringslivet utgjer ras og stenge vegar ein stor kostnad. Dette er kvardagen for mange vestlendingar, som har rasutsette strekningar som einaste vegalternativ. Lista er over vegstrekningar som skrik etter rassikring er lang.

Senterpartiet vil ha ein forpliktande rassikringsplan som omfattar alle dei farlegaste raspunkta på fylkes- og riksvegane.  Dette må forplikta regjeringa til å løyva naudsynte midlar til prioriterte strekningar. Det trengs minst ei dobling av ramma til rassikring.

Sogn og Fjordane og Hordaland toppar allereie statistikken, og nye Vestland vil bli rasfylke nr 1. Med klimaendringar og større nedbørsmengder fryktar me ei stigande kurve på ras-statistikken i åra som kjem.

Regjeringa har sett av 24 milliardar kroner til rassikring i Nasjonal Transportplan i heile 12-årsperioden. Heilt konkret betyr dette 1 milliard årleg til riksvegane, og 870 millionar per år til rassikring av fylkesvegar.

Nye utrekningar viser at det totalt er behov for 50 milliardar kroner til å rassikring dei meste rassutsette strekningane. Nye Vestland vil krevje nærare halvparten av desse midlane.

Allereie i dag er det alt for lite pengar til rassikring, og med dagens løyvingstakt vil det ta over 30 år å sikre kjende raspunkt. Når klimaendringane aukar rasfaren vil det vera endå større sprik mellom midlar og behov, og mellom rassikring og rasfare for innbyggjarane.  Senterpartiet krev at løyvingane skal aukast kraftig, det krevst minst ei dobling.

Det må vera ein føresetnad at ein skal kunna ferdast på trygge og framkommelege vegar – uavhengig av kor du bur i landet. Det må regjeringa leggja til rette for. Løyvingane til rassiking må aukast – og det hastar.

Jenny Følling, 479 05 990

Fjordamat Tunet – trivelege bygder og matkultur

Kari og Odd Støfringsdal i Jølster har verkeleg lukkast med å gjere matkultur til levebrød i Fjordamat Tunet. Dei er eit fantastisk vertskap og har fått heiderleg omtale i Dagens Næringsliv

Kari tek i mot meg på tunet. Eg følte meg velkommen, og det var ein eigen ro i tunet. Kari har verkeleg fått det til. Ho har i mange år jobba med matkultur. Ho arrangerer kurs der ho vidarefører kunnskap om matkultur, og underviser praktisk gjennomføring til komande generasjonar. Ho tek også i mot grupper og bedrifter som vil gjere noko i lag. Dei kan kome til Kari og lage mat i lag. Lage sin eigen middag, eller lærer å lage godt brød, koke saft frå lokale råvarer. Ha det sosialt i lag og nyte god kortreist mat.

Fjordamat Tunet har blitt ein populær plass å feire bursdag. Ikkje noko engasjerer barna meir enn å lage mat saman. Kari arrangerer selskap for mange, alt frå 2 år til 90 år. Nynorsk-praktikantane har gjennom 10 år hatt «bli kjent samling» der dei har laga suppe og dessert. Det er ein flott måte å bli kjent på og bli «rista saman» frå starten av.

Genialt konsept.

For Kari er drivkrafta å lære vidare kunnskapen, og dei har stor pågang. Ho held kurs i tradisjonsmat for dei som går med ein draum  om å starte opp sjølv, enten det gjærbakst som brød, bollar og pizza, men også frukt og bær. Hennar spesialitetar er hellebaking og flatbrød.

Lokale råvarer

Fjordamat Tunet brukar lokal råvarer, frukt og bær frå garden – og norsk er lokalt nok. Tine og Nortura skaffar viktige råvarer. Gilde sine lammelår har gjerne gått sine steg i Høyangerfjella. Mjølk frå Tine har blitt tappa på tanken i Naustdal. Ho understrekar at vi er heilt avhengig av dei store i landbruket for å kunne ha dei små produsentane.

Artsmangfaldet i utmarka er avhengig av beitande dyr. Ja, kva skjer med artsmangfaldet når dyr ikkje beiter i utmark lenger. Og kva er vel meir klimavennleg enn sauer og kyr som beiter i fjella våre, medan fjørfe og gris kan bli fora med soya frå Brasil. Vi må vere stolte av og løfte fram landbruksnæringa vår. Dei er viktige for vår eksistens.

Møteplassar var Kari opptatt av. Korleis skape møteplassar og trivelege rom i Førde sentrum. Gatetun ved handelshusa det folk får lyst å sette seg ned og vere sosiale. Rom som er opne samtidig som folk føler seg skjerma. På sitt eige tun hadde Kari og Odd eit koseleg tun med beplantning og sjel. Dei hadde restaurert eit fint gamalt eldhus med grue, der gjestene kunne kose seg i seine kveldstimar.

Kari sin klare bodskap var at når ein skal bygge Førde som ein tiltrekkande by må det leggast til rette for koseleg møteplassar og trivelege byrom som innbyr til sosialt samvære. Tradisjonsmat vil vere prikken over i-en!

Kari Støfringsdal fekk heiderleg omtale i Dagens Næringsliv i fjor

Helse – Omsorg – Frivillighet

Senterpartiet vil gje innbyggarane i Sunnfjord kommune likeverdige og gode helsetenester

Det vil bli ein stor auke i tal eldre fram mot 2030. Senterpartiet vil legge til rette for bustadar, heimehjelp og heimesjukepleie, slik at dei som ynskjer det kan bu heime lengst mogeleg. Vi må sikre omsorgsplassar der du høyrer til, og spesialiserte helsetenester med høg kvalitet når sjukdom rammar. Senterpartiet vil styrke dagtilboda for eldre, og personar med demens må ha eit godt og tilpassa tilbod.

Vi skal ha førebyggande helsetenester i heile kommunen gjennom sterke, lokale helsestasjonar, fysio- og ergoterapiteneste, jordmortenester, legekontor og stabil legedekning. Saman med legevaktsamarbeid på kveld og natt, sikrar dette innbyggarane i Sunnfjord kommune gode og trygge tenester.

Kommunen skal arbeide for å førebygge og ha tidleg innsats innan rus og psykisk helse, og barnevernet må styrkast med eit godt og systematisk samarbeid på tvers av etatane.

Helse Førde og Høgskulen

Å støtte opp om Helse Førde og tilboda i spesialisthelsetenesta vil vere ei prioritert oppgåve for Senterpartiet. Studietilboda ved Høgskulen på Vestland, Campus Førde vil vere avgjerande for rekrutteringa til både til spesialisthelsetenesta og i kommunen.

Frivillig aktivitet står sterkt i Sunnfjord

Vi har god grunn til å vere stolte av aktiviteten dei frivillige står for og frivillingsentralane sin aktivitet. Senterpartiet vil legge til rette for frivillig innsats som eit supplement til den offentlege tenesta. Dei frivillige er lokale og kortreiste. Dei er nøklane til levande lokalsamfunn, gode møteplassar og sosiale aktivitetar. Fysisk aktivitet for alle uansett alder er god førebygging og gjev betre helse.

Dugnadsånda er drivkrafta i all frivillig innsats. I ei tid der mange kjempar mot tidsklemma, er viktig å hugse på at å engasjere seg og vere til nytte for andre gjev dobbelt glede.

Einsemd er ein av dei nye folkesjukdommane. Å engasjere seg bygger fellesskap og tillit, og det gjer oss til betre medmenneske.

Den veksande gruppa pensjonistar med god helse og arbeidsevne er ein ressurs i det frivillige arbeidet. Det same kan ungdom vere. Det handlar om å legge til rette og lage rom for dei frivillige i skjeringspunktet mellom dei offentlege tenestene og der dei frivillige.

Frivillighet kan ikkje og skal ikkje erstatte eit offentleg tilbod, men vi treng dykk!

Senterpartiet vil satse meir på vasskraft.

Dagens skatteregelverk subsidierer vindkraft og straffar vasskraft. Resultatet er at modernisering av eksisterande vasskraftanlegg ikkje vert gjennomført

Senterpartiet vil ha eit skattesystem som stimulerer til modernisering av eksisterande kraftverk og vil bygge ut konsesjonar som alt er gitt. Vasskrafta betaler opp til 60% skatt, medan vindkraft har gunstige avskrivingsreglar og langt lågare skattetrykk (vert subsidiert). Dette til trass for at modernisering og utbygging av småkraft har mindre naturinngrep.

Det ligg også eit stort potensiale i å oppgradere eksisterande kraftverk, og det er mange konsesjonar som ikkje blir bygd ut med dagens skatteregime.

Vasskraft leverer 96 prosent av straumproduksjon i Noreg i dag. Norsk vasskraftproduksjon er grunnlag for ca. 7000 tilsette, og er den største verdiskaparen i fastlandsindustrien.

Stort potensiale

Energiselskapet Sogn og Fjordane Energi har åleine eit potensiale på 200 Gwh som ikkje er utnytta, og samla tal for energiselskapa i fylket er vesentleg høgare. Det finst ulike prognosar for kor stort potensiale rehabilitering og oppgradering av vasskraft har. NVE har berekna at det ligg eit potensiale på 6TWh, medan HydroCenio/NTNU har berekna 20-30TWh. Truleg er myndigheitene sine anslag for lågt. Nye metodar opnar for auka produksjon samstundes som miljø og naturinngrepa vert betre tatt vare på.

Trass i store inngrep i norsk natur, har ikkje Vindkraftanlegga naturressursskatt til vertskommunane, mens vasskraft må betale både det og grunnrenteskatt til staten. Avskrivingstida er meir gunstig for vindkraft enn for vasskraft. For vindkraft er avskrivingstida 5 år, for vasskraft er avskrivingstida inntil 67 år.

Dagens skatteregime favoriserer vindkraft og hindrar oppgradering og utbygging av meir vasskraft. Dette vil Senterpartiet endre på. Det må vere meir rettferdige rammevilkår.

Skjebnetid for Nynorskhuset

Senterpartiet vil realisere Nynorskhuset i Førde. Målet er å lage eit nasjonalt kraftsentrum for det nynorske språket og den nynorske kulturformidlinga. Huset skal romme mediebedrifter og kulturinstitusjonar med nynorsk som felles overbygning.

I Sogn og Fjordane har 97% av grunnskuleelevane nynorsk som hovudmål.  Det nynorske grunnfjellet er i Sogn og Fjordane og Hordaland. Av dagens 56 kommunar i dei to fylka, er det berre Bergen, Askøy og Odda som er språknøytrale. 

Kva er vel meir naturleg og rett enn å etablere Nynorskhuset i Førde. Pilarane i huset skal vere Sogn og Fjordane Teater som er landets fremste turnèteater på nynorsk. Nrk Sogn og Fjordane og Nynorsk mediesenter som har lært opp 140 nynorskpraktikantar. Dei er ein viktig bidragsytar til at NRK kan fylle nynorskkvoten sin. Også Nynorsk avissenter og mediehuset Firda, landets største nynorskavis, ynskjer seg ei meir sentral plassering og vil inn i bygget.

I Nynorskhuset skal det utviklast eit klyngemiljø av kultur- og mediebedrifter som kan bli eit løft for det norske språket og ei innovativ kraft for aktørane. Dette blir ei av dei største nynorskklyngene i landet med vel 100 arbeidsplassar.

Med ei slik samlokalisering, kan vi utvikle ei motvekt til forvitring av det nynorske språket, og skape eit attraktivt arbeidsmiljø med nynorsk som felles reiskap. Vi bur i kjerneområdet for det nynorske språket og bør ta det ansvaret. Satsinga vil derfor bli svært viktig språkpolitisk.

Prosjektleiar er i full sving med å utarbeider konkurransegrunnlag. Dersom alle stadfester at dei vert med vidare, så kan førespurnad sendast ut på anbod kring nyttår. Nynorskhuset skal vere innflyttingsklart 1.1. 2022.

Sunnfjord Senterpartiet har programfesta at vi vil realisere Nynorskhuset, og vi vil jobbe for at Stortinget tek sin andel og sitt ansvar for å finansiere utviklinga i nye lokale og nye mogelegheiter. 

Jenny Følling

Kommunane må få vetorett mot vindkraftutbygging

Regjeringa si ramme for vindkraftutbygging slo ned som lyn frå klar himmel. Motstanden mot vindkraft har auka enormt, og mange er redde for at landet blir pepra med vindmøller.

Sidan NVE si ramme for vindkraft vart offentleggjort i april, har motstanden mot vindkraft auka kraftig, og det vert organisert motstand i fleire kommunar. Poenget med ein plan må vere å få gjennomført noko, men dei har gått fram på heilt feil måte utan lokalpolitisk og regionalpolitisk involvering. Å overkøyre folk er feil strategi.

Min kritikk går ikkje på NVE, men på regjeringa som har gjeve NVE oppdraget og stramme tidsfristar. Framgangsmåten er eit overgrep mot lokaldemokratiet. Rapporten er mangelfull på mange punkt og har verken tatt omsyn til regional plan for vindkraft eller verneområde. Det er eit paradoks at Gaular som er verna mot kraftutbygging, er vurdert som eitt av områda i lanet som er best eigna for vindkraft, med store naturinngrep og 180 meter høge vindmøller.

Denne veka var det folkemøte på Sande Kro. Lokalet vart fylt til randa av folk som var opprørte og sinte, folk som trengde kunnskap, og grunneigarar vart sett opp mot kvarandre. Det var eit enormt engasjement. Vi må ta folk på alvor i så viktige og store arealsaker.

Treng meir fornybar energi.

Klimaendringane slår inn over oss, og vi må redusere utsleppa. Verda treng meir fornybar elektrisk energi. Landet vårt har i over hundre år vore verdsleiande på området, hovudsakleg med vasskraft. Ein må i første omgang bygge ut meir vasskraft, som gjev vesentleg mindre naturinngrep. No er tida inne for å sjå på korleis vi kan bidra i det grøne skiftet, og samstundes ta vare på dei verdifulle områda vi har. 

 Eg er ikkje prinsipielt i mot utbygging av vindkraft, men det må skje på folket sine premisser. Vidare utbygging av vindkraft på land er konfliktfylt, det medfører store inngrep og gir for lite lokal verdiskaping. Derfor er det på tide å lytte til lokalsamfunna. Eg kan ikkje sjå anna løysing enn at denne rammeplanen må leggast til sides, og lokaldemokratiet må ta makta tilbake.

 Senterpartiet er tydelege på vår ståstad i saka:

  • Det er den lokal viljen i kommunane som skal avgjere utbygging av vindkraft på land
  • Kommunane må få vetorett mot vindkraftutbygging på land
  • Vi må forvalta alle utbygde vasskraftkonsesjonar betre. Det ligg eit stort potensiale i å rehabilitere eksisterande anlegg
  • Vi må handsame småkraftkonsesjonar og bygge ut meir vasskraft
  • Skatteregimet for vasskraft må revurderast for å få bygd ut fleire gjevne konsesjonar, og få fart på rehabilitering av eisksterande verk.

Berre i SFE ligg det eit raftpotensiale på 200 Gwh som ikkje er realisert.

Gul midtstripe på E39 i Sunnfjord kommune

Senterpartiet vil ha ei raskare utbygging av E39 med gul midtstripe. Vi meier at kostnadene med dei store gigantprosjekta må ned, så ein får byggd meir veg og for pengane.

Senterpartiet prioriterer gul midtstripe først. Vi forvenatar at den gryteklare strekninga Vadheim, Lunde – Myrmel får oppstratmidlar i 2020. Ein av dei største flaskehalsane er Halbrendslia i Førde. Senterpartiet vil jobbe for å få strekning Langeland-Førde-Moskog inn i Transportplanen. I tillegg må potten til rassikring aukast vesentleg, og prosjekta i Jølster må gjennomførast.

E39 er hovudfartsåra Nord-Sør på Vestlandet, og Senterpartiet meiner at vi treng ein trygg og rassikker stamveg med akseptabel standard og god regularitet. Å bygge ut transportkorridoren, vil styrke konkurransekrafta, og redusere transportkostnadene vesentleg.

Vestlandsrådet har jobba lenge for visjonen om ein opprusta og ferjefri E39. Det har vore brukt mange millionar til planlegging og utgreiing av både små og store prosjekt. Nokon av desse har blitt så gigantiske at vi fryktar at dei ikkje lar seg realisere.

Senterpartiet meiner at det er på tide å gå gjennom planane, sjå på kostnadsreduserande tiltak, og nedskalere planane. For oss er det viktig å få bygd meir veg for pengane. I tillegg meiner vi at meir av vegpengane må gå til Vestlandet.

Sunnfjord er rik på naturressursar og næringslivet produserer varer og tenester for milliardar som må raskt fram til marknaden. Då er ein opprusta E39 viktig.

Utbygging av E39 blir ei viktig kampsak for Senterpartiet!

Transportnæringa treng sjåførar – Norge heilt avhengig av varetransporten

Nyleg var eg på bedriftsbesøk på Nistad Transport, eit transportfirma på Sande i Gaular med 70 tilsette og 35 vogntog. Eit firma med gode verdiar, har utvikla banebrytande teknologi, og har stort fokus på trafikktryggleik. I 2005 fekk firma trafikktryggleiksprisen i Sogn og Fjordane.

Nyleg flytta dei inn i nytt og framtidsretta terminalanlegg like ved E39 på Sande. Ei bedrift som Gaular er stolt over, og som har posisjonert seg for framtida. Eg fekk mange nyttige innspel som er viktig for meg i det politiske arbeidet. Den største utfordringa er å rekruttere nok sjåførar.

Ved nokre høve har dei måtte seie frå seg oppdrag, fordi dei mangla sjåførar. Dei understreka det store behovet transportnæringa har for gode og sørvisinnstilte sjåførar som er stolte over yrket sitt.

Politisk må vi legge til rette for å ha eit godt utdanningstilbod, stimulere til at fleire av ungdommane våre vel sjåføryrket, og fortelje kor viktig denne næringa er for å halde hjula i samfunnet i gang. Kan det utviklast stipendordningar for å stimulere til at fleire kan ta førarkort for tunge køyretøy? Det vil gi fleire råd til å ta dette førarkortet, noko som har blitt svært kostbart seinare åra. Denne næringa er også avhengig av arbeidsinnvandring. Å legge til rette for at dei som kjem hit for å jobbe kan ta med familien og busette seg er særdeles viktig.

Nistad Transport køyrer varer for mellom anna Nortura, Tine, Coop Norge og Nordfjord kjøtt. Sunnfjord kommune vert største landbrukskommunen i Vestland fylke. Landbruket er grunnlaget  for mykje anna næringsliv i Sunnfjord. Det er ikkje utan grunn at det er mange store transportbedrifter i Sunnfjord, og største private arbeidsplassen i Førde er næringsmiddelbedrifta Nortura med 130 arbeidsplassar.

På Trøkk n`Truck i Førde var det ein maktdemonstrasjon av vogntog. Desse går på vegane våre kvar dag og bringar varene ut til bygd og by. Dette er ei viktig næring som vi ikkje må gløyme. Vi må sjå behova og rammevilkåra dei jobbar under.

Vegen er deira arbeidsplass, og gode vegar og god flyt er avgjerande for å kunne levere varene til rett tid. Difor er ferjefrekvens, forutsigbarheit ved tunnelarbeid og god vegstandard viktig. Ikkje minst er E39 ein transportveg, standaren må opp, og flaskehalsen Halbrendslia må fjernast. Vi treng gul midtstripe på E39.

Transportnæringa sin arbeidsdag er avhengige av korleis vi organiserer samfunnet. Opningstidene til butikkane har stor innverknad på arbeidsforholda til sjåførane.