Regjeringa si ramme for vindkraftutbygging slo ned som lyn frå klar himmel. Motstanden mot vindkraft har auka enormt, og mange er redde for at landet blir pepra med vindmøller.
Sidan NVE si ramme for vindkraft vart offentleggjort i april, har motstanden mot vindkraft auka kraftig, og det vert organisert motstand i fleire kommunar. Poenget med ein plan må vere å få gjennomført noko, men dei har gått fram på heilt feil måte utan lokalpolitisk og regionalpolitisk involvering. Å overkøyre folk er feil strategi.
Min kritikk går ikkje på NVE, men på regjeringa som har gjeve NVE oppdraget og stramme tidsfristar. Framgangsmåten er eit overgrep mot lokaldemokratiet. Rapporten er mangelfull på mange punkt og har verken tatt omsyn til regional plan for vindkraft eller verneområde. Det er eit paradoks at Gaular som er verna mot kraftutbygging, er vurdert som eitt av områda i lanet som er best eigna for vindkraft, med store naturinngrep og 180 meter høge vindmøller.
Denne veka var det folkemøte på Sande Kro. Lokalet vart fylt til randa av folk som var opprørte og sinte, folk som trengde kunnskap, og grunneigarar vart sett opp mot kvarandre. Det var eit enormt engasjement. Vi må ta folk på alvor i så viktige og store arealsaker.
Treng meir fornybar energi.
Klimaendringane slår inn over oss, og vi må redusere utsleppa. Verda treng meir fornybar elektrisk energi. Landet vårt har i over hundre år vore verdsleiande på området, hovudsakleg med vasskraft. Ein må i første omgang bygge ut meir vasskraft, som gjev vesentleg mindre naturinngrep. No er tida inne for å sjå på korleis vi kan bidra i det grøne skiftet, og samstundes ta vare på dei verdifulle områda vi har.
Eg er ikkje prinsipielt i mot utbygging av vindkraft, men det må skje på folket sine premisser. Vidare utbygging av vindkraft på land er konfliktfylt, det medfører store inngrep og gir for lite lokal verdiskaping. Derfor er det på tide å lytte til lokalsamfunna. Eg kan ikkje sjå anna løysing enn at denne rammeplanen må leggast til sides, og lokaldemokratiet må ta makta tilbake.
Senterpartiet er tydelege på vår ståstad i saka:
- Det er den lokal viljen i kommunane som skal avgjere utbygging av vindkraft på land
- Kommunane må få vetorett mot vindkraftutbygging på land
- Vi må forvalta alle utbygde vasskraftkonsesjonar betre. Det ligg eit stort potensiale i å rehabilitere eksisterande anlegg
- Vi må handsame småkraftkonsesjonar og bygge ut meir vasskraft
- Skatteregimet for vasskraft må revurderast for å få bygd ut fleire gjevne konsesjonar, og få fart på rehabilitering av eisksterande verk.
Berre i SFE ligg det eit raftpotensiale på 200 Gwh som ikkje er realisert.