Helse – Omsorg – Frivillighet

Senterpartiet vil gje innbyggarane i Sunnfjord kommune likeverdige og gode helsetenester

Det vil bli ein stor auke i tal eldre fram mot 2030. Senterpartiet vil legge til rette for bustadar, heimehjelp og heimesjukepleie, slik at dei som ynskjer det kan bu heime lengst mogeleg. Vi må sikre omsorgsplassar der du høyrer til, og spesialiserte helsetenester med høg kvalitet når sjukdom rammar. Senterpartiet vil styrke dagtilboda for eldre, og personar med demens må ha eit godt og tilpassa tilbod.

Vi skal ha førebyggande helsetenester i heile kommunen gjennom sterke, lokale helsestasjonar, fysio- og ergoterapiteneste, jordmortenester, legekontor og stabil legedekning. Saman med legevaktsamarbeid på kveld og natt, sikrar dette innbyggarane i Sunnfjord kommune gode og trygge tenester.

Kommunen skal arbeide for å førebygge og ha tidleg innsats innan rus og psykisk helse, og barnevernet må styrkast med eit godt og systematisk samarbeid på tvers av etatane.

Helse Førde og Høgskulen

Å støtte opp om Helse Førde og tilboda i spesialisthelsetenesta vil vere ei prioritert oppgåve for Senterpartiet. Studietilboda ved Høgskulen på Vestland, Campus Førde vil vere avgjerande for rekrutteringa til både til spesialisthelsetenesta og i kommunen.

Frivillig aktivitet står sterkt i Sunnfjord

Vi har god grunn til å vere stolte av aktiviteten dei frivillige står for og frivillingsentralane sin aktivitet. Senterpartiet vil legge til rette for frivillig innsats som eit supplement til den offentlege tenesta. Dei frivillige er lokale og kortreiste. Dei er nøklane til levande lokalsamfunn, gode møteplassar og sosiale aktivitetar. Fysisk aktivitet for alle uansett alder er god førebygging og gjev betre helse.

Dugnadsånda er drivkrafta i all frivillig innsats. I ei tid der mange kjempar mot tidsklemma, er viktig å hugse på at å engasjere seg og vere til nytte for andre gjev dobbelt glede.

Einsemd er ein av dei nye folkesjukdommane. Å engasjere seg bygger fellesskap og tillit, og det gjer oss til betre medmenneske.

Den veksande gruppa pensjonistar med god helse og arbeidsevne er ein ressurs i det frivillige arbeidet. Det same kan ungdom vere. Det handlar om å legge til rette og lage rom for dei frivillige i skjeringspunktet mellom dei offentlege tenestene og der dei frivillige.

Frivillighet kan ikkje og skal ikkje erstatte eit offentleg tilbod, men vi treng dykk!